Bilde 1

Landbruksministeren følgjer bygginga av verdas høgste trehus hos Moelven

Verdas høgste trehus er under bygging hjå Moelven Limtre. Bustadblokka skal stå ferdig i Bergen i november neste år. Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug har vitja karane som arbeider med prosjektet, framgår det av ei melding frå Landbruks- og matdepartementet.

Publisert

John Håkensveen (f. v.), Trond Hagen og Åge Holmestad forklarte ein interessert statsråd Listhaug korleis dei arbeider med å byggje elementa til verdas høgste trehus. (Foto: LMD)

Bygningen blir på 14 etasjar med 62 leiligheter. Fundamentering på byggeplassen blir gjort i betong på vanleg måte. Deretter blir det bygd fire etasjar med modular i tre, og eit skjelett rundt heile bygget i limtre. Over den femte etasjen blir det bygd eit betongdekke, og deretter kan nye modular i tre bli bygd vidare oppover. Dei store tre-elementa blir sett saman på Moelv. Dei blir så demontert, frakta til Bergen, og montert på bygningen. Bustadblokka blir liggjande like ved Puddefjordsbrua i Bergen.

– Dette er veldig interessant og imponerande prosjekt som eg har høyrt mykje om, seier landbruks-og matminister Sylvi Listhaug. Ho tykte det var spennande å kome på plassen og få snakke med dei som gjer jobben og sjå kva for dimensjonar det er tale om. – Eg vonar dette prosjektet kan gje Moelven høve til å vere meir på fleire slike byggeprosjekt. Det er store ubrukte ressursar i skogane våre som kan gi grunnlag for mange nye arbeidsplassar i trenæringa i distrikts-Norge, seier Listhaug.

Direktør Åge Holmestad i Moelven Limtre kunne stadfeste at det allereie er fleire prosjekt på gang. – Eit liknande bygg på åtte etasjar er under bygging i Brumunddal. I dag ringte ein kar frå Bergen som var imponert over det bygget vi er i gang med der. Han ville drøfte eit liknande prosjekt ein annan stad i byen, fortalde Holmestad til landbruks- og matministeren.

Powered by Labrador CMS